Sigd er ei diktsamling skrive av Ruth Lillegraven, utgjeven i 2016. Boka er ei vakker skildring av eit menneske som prøver å leve opp til forfedras forventninger, men som blir nødt til å gå sin eigen veg. Vi følger odelsguten Endre, som veks opp på ein gard på vestlandet ein gong på 1800-talet. Snart skal han ta over, nett som far hans ein gong gjorde, og far hans igjen, og så bakover i generasjonar. Men noko er gale. Det er noko som har teke bustad i Endre sin kropp. Noko som gneg på ledda hans, og som legg seg oppå han med full tyngde og hindrar han i å arbeide. Ikkje greier han å føre slekta vidare heller. Kona Abelone blir stadig gravid, men noko barn kjem aldri til verda. Til slutt må Endre innsjå at livet ikkje vart slik det skulle bli. Så kven er han no?

Om iscenesettinga: Skodespelarparet Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal har slått seg saman med musikar Sjur Miljeteig og laga ei nydeleg lesing av Sigd, forsiktig regissert av dramaturg Ingrid Weme Nilsen, med Ruth Lillegraven si velsigning. Framsyninga varar i om lag ein time og tjue minutt.

Sigd hausta strålande kritikkar da boka kom ut, og vann Nynorsk Litteraturpris i 2016.

Spilles fra 26. august 2026 i Teaterkjeller’n

VANLIGE RABATTER

Grupperabatt: Gis ved kjøp av minimum 10 billetter. Vi sender deg billettene kostnadsfritt hvis dette avtales ved bestilling.

Rabatt for pensjonister, trygdede og vernepliktige.

Ca. 50% rabatt for barn t.o.m. 16 år/ studenter/ skoleelever i videregående skole. Gjelder oppsetninger på Hovedscenen og Centralteatret (NB! gjelder ikke gjestespill).

OBOS-rabatt (gjelder ikke oppsetninger i Trikkestallen).

Opplys om rabatt-type ved billettbestilling.