Helst under bakken, for på overflata lurer allslags farar. Ragnar, kollegaen min, mista venstre arm til Ravnfolket i fjor. Men her i gruvene er vi trygge, vi har arbeid og mat. Kongen bevare oss.
Sagnet seier at før hadde dei maskiner til alt, til å kriga, til å laga mat, ja,- dei kunne til og med fly. Men det er no berre eit sagn. Og det er helst barn som trur på slikt. For det gamle samfunnet er borte no, øydelagt av Den store stormen. Det vesle som fanst att, er destruert. Slik måtte det vera. Menneska flaug for nær sola og så brann dei opp. Slik skal det ikkje gå med oss. Difor har ein ikkje lov å eige ting frå før 2031. Kongen bevare oss.

Men så er det nokon, ja, det er alltid nokon – forbanna nysgjerrige rævhol som ikkje vil innretta seg. Folk som grev i overflata etter relikviar frå den gongen menneska var på sitt mest stupide. Folk som rotar i oska etter ein tapt draum. Slikt blir ein hengd for. Heldigvis. Kongen bevare oss.

Oslopremiere 22. mars 2022 på Oslo Nye Centralteatret

Les om smittevern på Oslo Nye

VANLIGE RABATTER

Grupperabatt: Gis ved kjøp av minimum 10 billetter. Vi sender deg billettene kostnadsfritt hvis dette avtales ved bestilling.

Rabatt for pensjonister, trygdede og vernepliktige.

Ca. 50% rabatt for barn t.o.m. 16 år/ studenter/ skoleelever i videregående skole. Gjelder oppsetninger på Hovedscenen og Centralteatret (NB! gjelder ikke gjestespill).

OBOS-rabatt (gjelder ikke oppsetninger i Trikkestallen).

Opplys om rabatt-type ved billettbestilling.